Skip to Content

Elesense NSO

Nettstasjonsovervåking

Elesense NSO gjer det enkelt å samle inn data frå nettstasjonar og mastetrafoar – og sende dei direkte til systema du allereie brukar for nettnytte, DMS, NIS og SCADA.

Data kan sendast til EmbriQ, Validér og Clarify, integrerast med andre mottakarsystem etter behov eller leverast som rådata når du treng full fleksibilitet.

Avtal uforpliktande demo  Sjå nøkkeleigenskapar   ↓

nettstasjonsovervåking
Elesense NSO

Gateway klar for framtida

Elesense NSO byggjer på gjennomprøvd, EU-produsert maskinvare frå Teltonika Networks. Det gir ei sikker, sertifisert og kostnadseffektiv løysing.

Det unike ligg i programvara Elesense har utvikla. Programvara handterer hendingar og alarmar i sanntid på eininga, oppfyller FEF § 5-2, FoL og RENblad 6025 – og hentar ut viktige målingar for nettnytte.


Nettverk

LTE Cat M1, Telia SIM med roaming til Telenor

Grensesnitt

RS485, RS232, RJ45, 3 x I/O, 1 x analog

Modbus

RTU, TCP/IP

Posisjon

GPS som opsjon

Straum

9–30 VDC, maks 3,5 W

Dimensjonar

83 x 25 x 74,2 mm

Vekt

165 g

Temperatur

-40 °C til 75 °C

Luftfuktigheit

10-90 % ikkje-kondenserande

Kapslingsgrad

IP30

Samsvar

CE, UKCA, EAC, RCM, CB, WEEE

I standardoppsettet blir maks-, min- og snittverdiar for parameter berekna og sende til valfritt system kvart 15. minutt. Ved feilsøking kan BOOST-funksjonen nyttast til målingar med 15-sekundsintervall, til dømes for å forenkle søk etter jordfeil.

Spenning


Straum


Energi

Fire kvadrantar

Effekt

Aktiv / reaktiv / tilsynelatande

Effektfaktor


Frekvens


THDi / THDu


Lekkasjestraum

TT-nett

Isolasjonsmotstand

1000V IT-nett

Temperatur


Programvara bereknar hendingar og alarmar i sanntid og sender melding når kriteria er nådde.

Jordfeil


Avbrot* / fasebrot

Krev Elesense UPS

Nullpunktssikring

IT-nett

Lekkasjestraum

TT-nett

Isolasjonsmotstand

1000 V IT-nett

Spenningsusymmetri


Over- og underspenning


Flimmer*

Avhengig av nettanalysator

Overharmonisk

THDu

Inngangar

Dør, OVS, kortsl., m.m.

Finn du ikkje instrumentet eller utstyret du brukar? Elesense kan implementere støtte for fleire typar instrument og utstyr etter behov.

Nettanalysatorar

  • Function CVM-E3-MINI
  • Function CVM-MINI
  • Function CVM-C11
  • Function CVM-C10
  • Function CVM-NRG96
  • IME NEMO D4-Le
  • Schneider PM3255

Isolasjonsovervåking

  • Bender ISOMETER isoHV425
  • Megacon KPM16xx

Lekkasjestrøm / jordfeilvarsler

  • Function RGU-10
  • Bender RCM410R

Nullpunktsikring

  • El-tjeneste Nullpunktsikring NPSx

Gatewayane blir administrerte i Elesense ADM – eit brukarvenleg styringssystem som gir oversikt over status og gjer det enkelt å endre innstillingar og terskelverdiar for hendingar og alarmar direkte på gatewayane.


Prefabrikkerte pakker

Elesense leverer komplette, skreddarsydde og AUS-klare pakkar for rask og kostnadseffektiv overvåking av nettstasjonar og mastetrafoar. Ta kontakt for å sjå korleis me kan styrkje overvåkinga av nettet ditt.


for nybygg

Nyare nettstasjonar frå Siemens, ABB / Priess, Møre Trafo m.fl. kjem ofte med nettanalysatorar og anna utstyr kopla mot rekkeklemmer frå fabrikk. Gatewayen kan koplast til rekkeklemmer for RS485 og signal frå nullpunktssikring, dør m.m. 

I pakken

  • Elesense NSO-gateway
  • 15 W / 24 VDC DIN-straumforsyning 
  • Antenne med 3 m kabel og magnetfot
  • Kablar for RS485 og 24 VDC

Opsjonar

  • Elesense UPS
  • Forlengarkabel for antenne, 2 m
  • GPS-antenne for lokalisering, 3 m kabel

for rehab

Elesense NSO prefabrikkerte DIN-skinne

Eldre nettstasjonar med analoge instrument kan vere tidkrevjande å byggje om og krev ofte straumstans. Elesense leverer NSO, nettanalysator, rekkeklemmer og anna tilbehøyr ferdig kopla på DIN-skinne. Slik kan eldre nettstasjonar oppgraderast raskt, med moglegheit for AUS-arbeid.

I pakken

  • Elesense NSO-gateway
  • 15 W / 24 VDC DIN-straumforsyning 
  • Antenne med 3 m kabel og magnetfot
  • Rekkeklemmer
  • Nettanalysator for 3-fase IT-, TT- og TN-nett, 230 V–22 kV
  • 3 x klasse 0.5 Rogowski-spolar, 0–5000 A
  • DIN-skinne

Opsjonar

  • Elesense UPS
  • Lekkasjestraumsmålar for TT-/TN-nett, inkl. straumtrafo
  • Isolasjonsovervaking for 1000 V IT-nett
  • Ekstra I/O-modular
  • PT100-modul og PT100-sensor
  • Dørsensor
  • Forlengarkabel for antenne, 2 m
  • GPS-antenne for lokalisering, 3 m kabel
  • Klemmer for samleskinnar med innebygde sikringar for AUS-montasje

for mast og skap

Elesense NSO for mastetrafo

Mastepakken er utvikla for rask og kostnadseffektiv overvåking av mastetrafoar. Elesense leverer NSO ferdig kopla med kompakt nettanalysator i robust kapsling og IP67-graderte, UV-bestandige Rogowski-spolar. Pakka kan monterast rett på stolpe med to franske treskruar, eller utanpå skap med brakett og kabelbeskyttar som opsjon – utan omfattande ombygging. Det gir kort montasjetid, lågare installasjonskostnad og mindre behov for straumstans. Klemmer med innebygde sikringar kan leverast for AUS-montasje.


I pakken

  • Elesense NSO-gateway
  • IP68-gradert kapsling med ventilasjon og feste for franske treskruar til stolpe
  • Innebygd antenne for LTE-M og GPS
  • 15 W / 24 VDC DIN-straumforsyning
  • Nettanalysator for 3-fase IT-, TT- og TN-nett, 230 V–415 V
  • 3 x klasse 0.5 Rogowski-spolar, IP67 og UV-bestandige, 0–5000 A
  • Kablar for fasespenning og signalkabel for nullpunktssikring ved IT-nett
Opsjonar

  • Elesense UPS
  • Brakett og kabelbeskyttar for montering utanpå ABB Kabeldon- og ABB FastLine-skap
  • Lekkasjestraumsmålar for TT-/TN-nett, inkl. straumtrafo IP67
  • Klemmer for EX med innebygde sikringar for AUS-montasje


Elesense UPS

Elesense UPS er ei kompakt, avbrotsfri straumforsyning som gir NSO utvida funksjonalitet ved straumstans. Ho gjer det mogleg med varsling ved spenningsbortfall og overvåking av jord- og kortslutningsindikatorar, dører, brytarstillingar i apparatanlegg, m.m. medan straumen er borte.

Elesense kan også levere ein kompakt nettanalysator med 12 V-forsyning, tilpassa bruk saman med UPS-en. Då kan måledata etter gjeninnkoplingsautomatikk (GIK), prøvekoplingar og andre hendingar analyserast og samanliknast på tvers av nettstasjonar. I kombinasjon med overvåking av jord- og kortslutningsindikatorar gir dette eit kraftig verktøy for å finne feillokasjonar.

I pakken

  • Elesense UPS
  • Ledningssett mellom straumforsyning og Elesense NSO / rekkeklemmer


Spesifikasjonar

Tilkopling

2 x Micro-Fit 3.0 4P

Straum

Inn:  9–30 VDC / maks 9,5 W
Ut:    12 VDC / maks 22 W

Kapasitet

2600 mAh, gir 1–12+ timar batteritid avhengig av straumtrekk

Dimensjonar

100 x 30 x 85 mm

Vekt

315 g

Temperatur

0 °C til 45 °C

Samsvar

CE/RED, UKCA, EAC

Nytt & nyttig

Nyhende, fagartiklar, idéar og tips til korleis du får mest mogleg ut av produkta våre.

Your Dynamic Snippet will be displayed here... This message is displayed because you did not provide enough options to retrieve its content.